Informasjon

Inger Valborg Barsnes

  • 14.04.1931 - 05.01.2023

Vår kjære og snille mamma, besta og oldemor gjekk bort 5. januar 2023

Ho var ein frisk og aktiv 91-åring som budde i eiga leilegheit ved Askvollheimen. Ho strikka mykje og ho heldt dagleg kontakt med familie og venner over telefon, videosamtaler og i sosiale medier. Ho deltok ofte på ulike tilstelningar på sjukeheimen, og ho hadde ein liten elektrisk bil som ho kunne køyre turar med på gangvegen i Askvoll. Men rett før nyttår blei ho råka av akutt og alvorleg sjukdom. Ho hadde barn og barnebarn hos seg på Førde sentralsjukehus på slutten, og ho klarte å ta farvel med alle dei næraste.

Om begravelsen til Inger Valborg Barsnes 

Alle som vil fylje Inger til siste kvilestaden er hjarteleg velkomne til Vilnes kyrkje tysdag 17. januar kl. 12:00, og til minnestund i bedehuset etterpå.

Like kjært som blomar til familien er ei gåve til Askvoll Røde Kors Omsorg på konto 3740 25 05797 eller på vipps 776816 merka "Inger Barsnes"


Adresse til begravelsesseremonien

Vilnes kyrkje, 6985 Atløy

Adresse til minnestunden

Kumle bedehus, 6985 Atløy


Sunnfjord Gravferdsbyrå