Inger Valborg Barsnes

  • 14.04.1931 - 05.01.2023

Vår kjære og snille mamma, besta og oldemor gjekk bort 5. januar 2023

Ho var ein frisk og aktiv 91-åring som budde i eiga leilegheit ved Askvollheimen. Ho strikka mykje og ho heldt dagleg kontakt med familie og venner over telefon, videosamtaler og i sosiale medier. Ho deltok ofte på ulike tilstelningar på sjukeheimen, og ho hadde ein liten elektrisk bil som ho kunne køyre turar med på gangvegen i Askvoll. Men rett før nyttår blei ho råka av akutt og alvorleg sjukdom. Ho hadde barn og barnebarn hos seg på Førde sentralsjukehus på slutten, og ho klarte å ta farvel med alle dei næraste.

Bestill blomster

Vi tar hånd om bestillingen og sørger for leveringen.

Blomster for levering til seremonien
Det er dessverre ikke mulig med levering av blomster
Blomster for levering til hjemmet